Håndlaga ost av heilmjølk
Valdresmeieriet produserer Valdres Ost™, som er faste gulostar med og utan krydder. Osten vert ysta for hand av heilmjølk som vert levert frå utvalde gardar i Valdres heile året. Det fins tre variantar med krydder; Bukono™ med bukkehornkløver, Helin™ med spisskarve (nøkkelost) og Syndin™ med brennesle. Ostane har fått navn frå stølsområdene i området rundt meieriet som ligg i Vestre Slidre i Valdres. Vi lagar óg to naturelle ostar som heiter Fosheim™ og Bufar®
Om sommaren er kyrne på stølen og beiter i fjellområda der. Bufarosten er av den grunn den mest spesielle osten, sidan han berre kan lagas i sumarhalvåret når det er tilgang på stølsmjølk. Eigenskapane til stølsmjølka frå Valdres er så spesielle at det har vorte skrive ein egen doktorgrad om ho, og samansetninga av mjølka gjer at osten vært i særklasse. Ost av stølsmjølk har ein fin gul farge og ein fyldig rund smak. Navnet Bufar kjem av at dei før i tida, på bufardagen, flytta kyrne heim frå stølen. Før dei fór ysta dei ost av heilmjølka – sidan dei ikkje hadde tid til å separere mjølka den dagen – og denne osten kalla dei bufarost. Denne vart modna i kjeldaren heime og tatt frem til jul som den gjevaste osten. Fosheim er laga på same måte som Bufar, men av vanleg gardsmjølk heile året.
Hjå oss er varesortimentet stadig i utvikling, og vi jobber målretta for fleire gode og anvendelige produkt. Salatosten™, ein fetaost-type av kyrmjølk, er siste tilskudd på stammen, og rakfiskmoussen™ vert stadig meir populær.
Kvalitetsost med rik og ekte smak
Kjærleiken til Valdres pregar fullt ut alt bedriften gjer. Vi er opptekne av kvalitet i alle ledd, frå råvare til produksjon og leveranse. Og vi er stolte av å levere kvalitetsost av lokale råvarer, med ein rik og ekte smak. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller ynskjer å bestille.