file-2.jpeg
World Cheese Awards 2018

Valdresmeieriet fekk både gull og to bronse i "World Cheese Awards 2018".

Aldri før har så mange ostar og osteprodusentar vore påmeldt World Cheese Awards! Då det prestisjetunge osteverdsmeisterskapet vart arrangert i Bergen 2. november deltok 3472 ostar frå 41 land. Noreg stilte med 175 ostar frå 58 ysteri og av desse kom 6 av ostane frå Valdresmeieriet. Arrangementet var ope for publikum og det vart ein folkefest i Grieghallen der ein kunne smake på nokre av verdas beste ostar! Laurdag 3. november viste resultatlista at vi hadde fått gull for "Bufar" samt bronse for både Helin og Bukono!

 

Nytt bilde (2).bmp
Årets ost 2015

Juryen uttaler: God aroma, kompleks smak, særegne saltkrystaller og en karamellaktig god ettersmak. Emballasjen er lekker og gir god informasjon om prosessen som ligger bak.

Det Norske Måltid kårer dei beste mat- og drikkeprodukta i Noreg og er landets viktigaste og mest prestisjefylde prisutdeling. Produkta vert vurdert etter smak, konsistens, utsjånad og regional forankring. Finalejuryen besto av professor ved Nofima Einar Risvik, (juryleiar), Wenche Andersen (TV2), Kjartan Skjelde (Tango/TV3), Guro Helgesdotter Rognså (Gastronomisk Institutt) og Lars Erik Vesterdal og Anders Isager.

Årets matspire 2015

Matmerks vandrepris Årets Matspire for 2015 gjekk til Valdresmeieriet. Juryen begrunnar prisen med at Årets Matspire er eit nylig lansert kvalitetsprodukt med stort markedspotensiale; både forbrukarane, matkjedene og kokkane ynskjer fleire gode, norske ostar. Produsenten vert lyfta fram som ein viktig lokal aktør som har bidratt til å utvikle og innovere i Valdres. Ambisjonane til Valdresmeieriet er å auke produksjonen med 30 prosent kvart år og å produsere lokale kvalitetsostar heile året.

I juryen sat innkjøpsdirektørene Tor-Helge Gundersen (COOP), Øyvind Andersen (NorgesGruppen) og Martin Klafstad (REMA1000), samt fagsjef Frode Kristensen i Matmerk.