Våre produkt

Valdresmeieriet produserer Valdres Ost som er faste guloster med og utan krydder. Osten vert ysta for hand av heilmjølk frå gardar i Valdres. Namna har dei fått frå stølslaga i området kring meieriet, som ligg i Vestre Slidre i Valdres.

Osten er skore frå ostehjul som er lagra på trehyller i minimum 3 månader. Det går fint an å skive osten med ostehøvel, skjere han i terningar eller stavar, eller rive han opp for å strø på maten - alt ettersom kva du vil nytte han til.

I tillegg til faste gulostar produserer vi òg salatost, rømme og rakfiskmousse.