Bufar® ostehjul vellagra 18 mnd heil
Prisvinnende, lagra fastost, ysta på stølsmjølk frå Valdres.
Bufar® er ein fast ost som er ysta for hand av heilmjølk frå glade kyr på stølsbeite i fjellet, og ystast kun i sommarhalvåret. Mjølk frå kyr som går på fjellbeite kallast stølsmjølk og denne mjølka er feitare enn vanleg mjølk og gir osten ein fin gul farge og ein fyldig rund smak. Grunnen til dette er dei frodige beiteforholda i fjellet.
Bufar® vert lagra som ostehjul på trehyller i minst 18 månader eller meir. Under lagring utvikler smaken seg og osten blir fastere. Difor skjæres vellagra Bufar® best med kniv. Fantastisk åleine på ostefatet, men løfter smaken på det meste. Prøv raspa Bufar® på pizza eller som gratinering!
Bufar® vellagra var ein av tre finalistar i Det norske måltid 2019 i kategorien Årets ost, og har i World Cheese Awards hausta sølv i 2023 og gull i 2024.
INGREDIENSER:
Pasteurisert kumjølk, salt, laupe, syrekultur, konserveringsmiddel (E251), surhetsregulerende middel (E509).
KJØLEVARE:
0 - 4 °C.
PAKNINGSSTØRRELSE:
D-pak: Ca. 8 kg (eitt ostehjul)
Ta kontakt for pris og bestilling.