Bufarost.jpg
wca-18-19-gold.png Ny_Emblem_BRONSE_Hvit (1) 2019.png WCA 19-20 silver.png Logo_uten bakgrunn.jpg

Bufar®

Handlaga ost av stølsmjølk.

Bufar® er ein fast ost som er ysta for hand av heilmjølk frå glade kyr på stølsbeite i fjellet. 

Det har i lang tid vore tradisjon for osteproduksjon i Valdres. Kunnskapen gjekk i arv og det var vanleg å yste på stølane (setra) om sommaren. På stølen beita dyra fritt i fjellandskapet, og budeiene foredla stølsmjølka til meir haldbare produkt som smør og ulike typer ost. På bufardagen, den dagen dei skulle gå heim att med dyra frå stølen, hadde dei ikkje tid til å separere mjølka slik dei vanlegvis gjorde. Av den grunn ysta dei ein ost av heilmjølka som dei kalte bufarost, og den tok dei med seg heim og modna i kjellaren på garden. Denne osten vart rekna som ein gjævare ost og vart tatt fram til jul og gjestebud. Og slik lagar vi vår Bufar® i dag, av heilmjølk frå kyr på fjellbeite. Og det er denne stølsmjølka som gjer at osten vert ekstra gul og rik på smak. Bufar® vert lagra som ostehjul på trehyller i minst 1 år eller meir. Under lagring utvikler smaken seg og osten blir fastere. Difor skjæres vellagra Bufar® best med kniv. Fantastisk åleine på ostefatet, men løfter smaken på det meste. Prøv raspa Bufar® på pizza eller som gratinering!

Bufar® vart premiert med gull under World Cheese Awards 2018 og fikk 3 stjerner i Great Taste 2021 og ble nominert til Golden Fork.

INGREDIENSER
Pasteurisert kumjølk, salt, laupe, syrekultur, konserveringsmiddel (E251), surehetsregulerende middel (E509).

KJØLEVARE
0 °C - 4 °C.

PAKNINGSSTØRRELSE
Vakuumpakka trekanter á ca. 320 gram
Distribusjonseske ca 4,20 kg
6 F/D

EPD-nr:
5368584

 

Finn produktet i butikk